Mitt namn er Hanne og eg er City-Klinikken og Mammaklinikkens nyaste tilskot. Eg kjem heile vegen frå Sogn og Fjordane for å dele min kunnskap og erfaring og hjelpe deg til ein kvardag fri for smerter. Det som gjer meg aller gladast under arbeidsdagen er når pasientane går glade frå klinikken med mindre smerter, betre funksjon og eit smil om munnen. Det er dette som gjev meg motivasjon og inspirasjon til å fortsette med det eg driv med.

For å hjelpe akkurat deg på vegen tilbake til ein kvardag fri for smerter, vil eg gjere gjennom å finne smertenes årsak, behandle, tilbakestille funksjon og forebygge tilbakefall. For å finne årsaka vil eg kartlegge deg, din bakgrunn og din kvardag for å finne ut kva som gjer til at akkurat du får dei smertene du har og kvifor du får desse. Vidare vil eg sjå på korleis du rører deg, korleis funksjonen din er og utføre spesifikke testar for å finne ut av det. Ut ifrå dette kan vi saman legge opp ein plan på korleis vi skal behandle dette og forhindre at det skjer igjen.

Du har sikkert sutte på jobb og kjent på stive musklar i rygg og nakke som gjer til at du vrir deg i stolen og lengtar etter at nokon skal komme og løyse opp i desse stivhetane for deg. Eller kanskje du ikkje klarar å rotere hovudet langt nok til å sjå kva som skjer bak deg. Dette er kroppen sin måte å gje beskjed på at noko må gjerast eller endrast på. Når ein har ein optimalt fungerande kropp, skal man sleppe å kjenne på desse plagene. Det er nettopp desse plagene eg ser mest av på klinikken og dette vil eg hjelpe deg med å få bukt med. Her på klinikken vil eg behandle, samtidig som eg vil gje deg verktøy i form av øvingar og ting å tenke på som du sjølv kan gjere og ta med deg inn i din kvardag. Eg har trua på at ein kombinasjon av alt dette vil gjere til at vi kan nå dette målet.

Smertene kan komme frå alle delar av muskel- og skjelettsystemet, alt ifrå nakke, korsrygg, bekken, hovudverk, kne, fot, skulder, arm og til idrettsrelaterte skader. Desse kan igjen vere både akutte og langvarige smerter. Kanskje du har opplevd å løfte noko litt forkjært og plutseleg fått deg ein kink i korsryggen? Kanskje du har vakna ein morgonen med ein nakke stiv som ein pinne utan moglegheit til å røre på hovudet? Eller kanskje det er noko du har kjent på ei stund som ligg å murrar i korsryggen eller det kan vere smerter i kneet som har smyge seg på no under løpesesongen.

Smertene kan både ha fysiske og psykiske årsaker. Dei kan oppstå på grunn av ei eller fleire spesifikke hendingar, overbelastning over tid, dårlege arbeidsposisjonar, graviditet, arvelegheit  eller monotont og statisk arbeid, såkalla ytre faktorar. Av indre faktorar, altså dei psykiske, kan for eksempel stress, dårlege arbeidsforhold, søvnproblem eller dårlege relasjonar vere med å påverke dette. Eg veit at eg, gjennom mi behandling, kan hjelpe deg til å føle deg betre fysisk. Dette, kombinert med ei hyggeleg tid på behandling på klinikken, også kan vere med på å påverke det psykiske i ei positiv retning. Eg vil at du som pasient skal føle deg trygg og sett når du kjem til meg på klinikken. Min store filosofi er at fysisk aktivitet er løysinga på mykje og kan hjelpe deg godt på veg på begge desse områda. Her vil eg sjølvsagt tilpasse det til din kvardag, og ikkje med mål om at du skal bli ein toppidrettsutøvar. Eg vil at alle skal sjå verdien av kvardagsaktiviteten og dei positive effektane ein får av det, både fysisk og psykisk. Eg gler meg til å dele tips med deg her på bloggen, så hald auga opne.

Eg gler meg til å dele meir med deg.

Hanne