Hovudverk er noko dei aller fleste av oss har opplevd og kan komme i mange ulike formar og fasongar. Her skal vi ta opp to av dei vanlegaste formene for hovudverk pasientar oppsøker oss for.

Spenningshovudverk

Etter ein lang dag på kontoret kan du kanskje kjenne at det strammar seg litt i skuldrar, nakke, opp i bakhovudet og fram til ansiktet. Vanlege skildringar vi høyrer på klinikken er «det sit som eit strammande panneband rundt hovudet», «det trykker i panna og bak auga», «det strammar i tinningane», «bakhovudet kjennest tungt», og så vidare. Lista er lang og dette varierer frå person til person. Denne typen av hovudverk kjem ofte av spent muskulatur i nakke, skulder og brystrygg samt dårleg bevegelse i nakkens ledd. For nokon kan problemet også komme frå kjeven. Om personen stressar og bit i hop kjeven eller gnissar tenner om natta, kan dette føre til spenningar og låsningar i kjeven og vidare utvikle seg til hovudverk. Om du no blir oppmerksam på auga dine – sit du og mys når du les det her? Har du sjekka synet ditt i det siste? Når du sit og mys på denne måten kan dette også vere med på å gje deg hovudverk om du sit slik lenge, så kanskje ein synstest ikkje er så dumt.

Spenningshovudverk kan komme av så mykje, og statisk arbeid, stress, dårleg syn, inaktivitet og kjeveleddsproblem er berre noko av dette. Har du ein arbeidsdag der du sit mykje i ro – pass på å beveg deg. Du har sikkert høyrt dette før, men vi kan aldri sei det nok: legg inn fleire pausar og endre arbeidsstillinga di ofte. Pass også å få nok søvn og ver i fysisk aktivitet regelmessig for å auke blodgjennomstrøyminga i muskulaturen. Det er den nedsette blodgjennomstrøyminga som gjev deg dei spente musklane.

Migrene

Migrene er noko veldig mange har, og då kvinner gjerne litt oftare enn menn. Det kan ha ein hyppigheit på ein til fleire gongar i månaden og vare frå nokre timar til tre døgn. Desse anfalla kan utløysast av ulike ting, for eksempel ulike matvarer (sjokolade, ost, raudvin), dårleg/lite søvn, uro, stress, menstruasjon, varme og vêromslag, og forverrast av anstrengelse. Grunnen til at man får migrene er ikkje heilt klar, men det finnast mange ulike teoriar. Man har også sett at migrene kan vere arveleg.

Eit migreneanfall kan innleiast med ein aura, som er eit slags «forvarsel» på anfallet. Dette kan oppstå i form av påverknader på synet og prikking/stikking i hendene. Aura er ikkje noko alle med migrene opplever. Under eit migreneanfall kan personen oppleve ein dunkande eller pulserande hovudverk som sit på eine side av hovudet. Kva side den kjem på kan variere. Personen kan bli kvalm, føle at den vil kaste opp og følsam for lyd og lys, noko som gjer til at man kanskje vil halde seg for seg sjølv i eit mørkt rom.

For å behandle migrene finnast det ulike medisinar ein kan ta, både ved eit anfall og forebyggande. Om dette er noko du kjenner deg igjen i, kan du kontakte legen din for meir informasjon. Mange opplever også at behandling av nakke og brystrygg hos naprapat eller annan manuell terapeut kan vere med på å forebygge og redusere hyppigheita på anfalla.

Når bør du oppsøke lege?

Har du plutseleg fått ein kraftig og ny type hovudverk som du ikkje har opplevd før, kan ein liten tur til legen vere greitt berre for å få sjekka det ut.

Hanne, Naprapat.