Kvardagsmosjon – smyg inn litt fysisk aktivitet i kvardagen for å komme tilbake i dei gode rutinane du hadde før sommarferien.

Kjenner du at du sit mykje stille i kvardagen? Då er du ikkje åleine! Når man først begynne å tenke over kor mykje man sit i løpet av ein dag kan man bli ganske overraska.
For om man tenker sånn; man ligg når man søv, man sit og et frukost, sit på t-banen eller i bilen på veg til jobb, man sit på jobb, man sit på t-banen eller i bilen på vegen heim frå jobb, man sit når man et middag, man sit og slappar av etter middag og når man ligg når man skal legge seg til natta. Når man reknar på det på den her måten kan man få seg ein liten overrasking. Men om dette er utgangspunktet ditt, så er det ikkje så mykje som skal til for å auke aktivitetsnivået berre litt.

 

Sjekk alternativa for kollektivtransporten. Kan du gå av eit stopp før? Kan du gå på eit stopp seinare? Kan du ta sykkelen til jobb? Kan du gå ein veg og ta kollektivt den andre vegen? Er du eigentleg så kjent i området rundt jobben din eller mellom heimen din og jobben din? Å gå er ein kjempefin måte å få sett seg rundt på og samtidig få inn nokre ekstra skritt om dagen. Last ned ein podcast, lydbok eller litt god musikk, så går tida ekstra fort. Om podcasten eller boka er ekstra spennande, så kanskje du må ta ei ekstra runde rundt kvartalet for å høyre ferdig og sjå kva som skjer vidare. Eller kanskje du til og med må gå deg ein ekstra tur på kvelden fordi lydboka var så spennande? Pass også på å ta deg små pausar i løpet av arbeidsdagen for å røyse deg opp, gå litt og å strekke på deg. Få med deg ein kollega, ta med nistepakka, gå dokke ein tur i lunsjen og et saman ute.

Dagens smarttelefonar er ofte så smarte at dei kan registrere talet steg du går i løpet av ein dag. Det same gjeld mange nye pulsklokker og fitbit. Prøv å sett deg mål om at du skal ha gått over 10 000 skritt om dagen. Når du pussar tenna eller står ved kjøkkenbenken og lagar mat, då er det vel heller ikkje så mykje som skal til for å ta nokre tåhev? Eller kanskje nokre knebøy? Eller kanskje du kan ta nokre utfallssteg når du går mellom kjøkkenet og stova? Ligg jobben din over 1.etasje? Ta trappa då vel! Her er det ikkje mange trinn som skal til før pusten og hjartefrekvensen aukar og du kjenner det i låra.

Har du born? Ta dei med ut og leik! Her får ein både kvalitetstid og mosjon for heile familien. No på sommaren er det jo perfekt å ta med familien å bade. Kan de kanskje gå til badeplassen? Pass på å ta nokre ekstra svømmetak når du først er i vatnet. Symjing er god mosjon for heile kroppen. Tenk også når du går på butikken. Kan du ta det på vegen frå bussen på vegen heim frå jobb i staden for å ta bilen på kvelden? Då får du litt ekstra vekt å bære på når du går heim. Eller du kan ta på deg sekken og gå deg ein tur på ettermiddagen og fylle den når du går på butikken. Her får du også nokre ekstra kilo å bære på når du går. Husarbeid er kanskje ikkje det kjekkaste som finnast, men tenk på når du vaskar golvet. Brukar du ikkje å bli litt varm då? Stemmer ikkje dette? Husarbeid er jo også ein fin form for aktivitet. Her slår du to fluer i ein smekk – reine golv til helga og litt ekstra aktivitet til dagskontoen.

Om ein brukar fantasien litt er det mange ting i heimen som kan brukast som treningsverktøy. Har du nokre tunge gryter, flasker med vatn eller mjølposar kan desse brukast som frivekter. Du kan også fylle ein sekk for å få litt ekstra tyngde på ryggen når du tek knebøy på stovegolvet. Om du har nokre glatte ullsokkar kan desse brukast som sklimatter både til å trene utfall og til å trene kjernemuskulaturen. Gummiband eller treningsstrikk er ei fin investering som du kan kjøpe billeg på sportsbutikken. Heng det på dørhandtaket så er den synleg og klar til bruk når som helst. Med desse kan du enkelt trene overkroppen, haldning og skuldermuskulaturen.

Jamn bevegelse gjennom heile dagen er det kroppen din vil takke deg mest for. Dette er enkle formar for mosjon som både musklane dine, hjartet ditt og til og med hjernen din vil takke deg for – og spesielt i det lange løp!

Hanne