Dei aller fleste av oss har vel vore med på å dra på oss ein akutt skade, enten om du har trakka over eller fått ein strekk. Du har sikkert høyrt om PRICE-prinsippet? POLICE er akkurat det same, berre med ein liten twist. POLICE er ein hugseregel for kva ein må gjere og hugse på ved ein slik skade, og det vi skal gå igjennom vidare her.

P – Protection

Stopp med all aktivitet og kvil. Dette er for å ikkje auke skadeomfanget.

O – Optimal

L – Loading

Vi legg i hop dei to ovanståande for å gjere det enklare. I starten er det viktig å unngå aktivitetar som provoserer det skada området då dette kan forsinke eller hindre legninga av skaden. Trening aukar blodsirkulasjonen og kan føre til meir hevelse i det skada området. Litt bevegelse er uansett bra, for eksempel i form av lett belastning og bevegelighetstrening. Når du skal tilbake til trening etter skade er det viktig å trappe opp gradvis.

I – Ice

Is og avkjøling har ingen påverknad på sjølve skaden, men det har ein bedøvande og smertelindrande effekt. Pass på her at du ikkje legg isen direkte på huda då dette kan skape frostskadar. Har du ein pose fryste grønsaker eller bær i frysen er denne perfekte å bruke.

C – Compression

Kompresjon er det viktigaste vi gjer, og det må skje raskt. Legg eit hardt trykk på skaden i starten, for så å lette litt på trykket etter kvart. Vi komprimerer for å hindre hevelse. Det er hevelsen vi ikkje vil ha ved ein slik skade då det ofte er den som skapar trøbbel for oss på sikt, skapar smerte og gjer skadeperioden lenger.

E – Elevation

Pass på å ha den skada delen høgt for å hindre oppsamling av blod og væske i det skada området for å hindre hevelse og smerte. Når ein pratar om å ha ein kroppsdel høgt, vil dette sei ovanfor hjartet.

No håpar eg du er litt meir opplyst og har fått litt innsikt i kva du sjølv kan gjere om uhellet plutseleg er ute. Om du har spørsmål er du hjarteleg velkommen til å sende ein mail på hanne@city-klinikken.no.

  • Naprapat, Hanne.

PS: visste du at du burde ta røntgen av foten din om det er første gong du trakkar over?