No er jul og nyttår over, og for mange innebære det nyttårsfortsett. Eit vanleg mål for mange er å komme i gong med treninga. Du har sikkert vore innom eit treningssenter i januar, og dei er som regel stappfulle. Når vi kjem til februar, kan vi ofte sjå ein reduksjon av dei oppmøtte på treningssenteret. Målet er at du fortsatt skal vere der i mars, så korleis skal ein oppretthalde kontinuiteten over tid? Her skal eg prøve å gje deg nokre tips på vegen for at du skal halde fram med treninga di.

Kvifor trenar du?

Lag deg dine eigne grunnar til å trene. Tenk på kvifor trening er viktig for akkurat deg og kva det gjer med deg. Vil du komme i form? Ha betre helse? Delta i ein konkurranse? Bli betre i ein idrett? Bli smertefri? Gå ned i vekt? Ha meir energi og overskot? Eller jaktar du rett og slett berre godfølelsen? For at treninga skal bli noko av må du gjere det for din eigen del og du må finne din eigen, indre motivasjon.

Kva vil du oppnå og korleis vil du oppnå det?

Iblant kan det vere godt å fastsette eit mål, og gjerne ein plan for å komme dit sånn at du ikkje mister motivasjonen. Dra fram dette målet dei dagane du er usikker på om du skal trene eller ikkje slik at du får eit ekstra push til å komme deg over dørstokken. Lag deg gjerne delmål undervegs som du kan sjekke av sånn at du føler at du er på veg framover og ikkje stagnera. Ser ein at det går framover, er det lettare å halde treningsmotivasjonen oppe. Hugs også på å variere treninga di. Det gjer til at du ikkje blir så fort lei

Planlegging er ein viktig faktor for at treninga faktisk skal skje. Vil du starte dagen med trening, for eksempel før jobb, er mitt beste tips å gjere klart alt kvelden før. Og då meinar eg alt. Pakk sekken, finn fram kle, planlegg maten og tilrettelegg alt. Når vekkarklokka ringer og du tenker at det er altfor tidleg, så har du ei unnskyldning mindre. Alt ligg jo klart og ventar på deg. Om du ikkje er nokon morgonfugl og heller vil trene etter jobb; pakk sekken og ta med deg alt du treng når du reiser heimanfrå. For å få eit ekstra push, kan det å for eksempel avtale å trene saman med nokon andre eller å melde seg på ein gruppetime vere til god hjelp. Då skal det meir til for å trekke seg.

Det ein også lyt tenke på når det kjem til trening er at litt er betre enn ingenting. Dei periodane tida ikkje strekk til, smyg inn litt mosjon i kvardagen. Ta trappa, gå av eit stopp tidlegare, gå/sykle der du kan i staden for å ta bilen/kollektivt, ver ute og leik med borna. Det treng ikkje å vere så vanskeleg. Trening er eit veldig vidt begrep og kan bety ulike ting for ulike personar. Gjer det du sjølv føler deg fornøgd med. Det treng ikkje vere vanskelegare enn å gå seg ein liten tur. Det viktigaste er at kroppen får rørt litt på seg.

Hugs: du angrar aldri på ei økt!

Hanne, naprapat.